Tilbud på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter for voksne med Multiple Osteokondromer (MO) eller Olliers sjukdom

Gruppeopphold , 19.09.2018-10.10.2018 , TRS kompetansesenter for sjeldne diagnoser

Frå 19. september – 10.oktober 2018 tilbyr Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR), rehabiliteringsopphald for vaksne personar med MO eller Olliers sjukdom. 

Senteret som ligg i Fjaler kommune, har avtale med Helse Vest RHF og gjev tilbod om spesialisert rehabilitering. Vegg i vegg med senteret ligg United World College, ein internasjonal skule med 200 studentar frå 90 ulike land. Senteret bygger sitt tilbod på helsesportstanken og har eit ressursorientert fokus i tilnærminga.

Hovudfokuset under opphaldet vil  vere å leve med MO eller Olliers sjukdom som vaksen og ha eit aktivt liv. Målet med kurset er:

  • Å oppretthalde/ betre funksjonsnivå

  • Lære meistrings-strategiar i forhold til dosering av aktivitet og sosial og/eller arbeidsdeltaking

  • Lære trappetrinnsmodell

  • Gje den enkelte positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt

Opplegget vil innebere både undervisning og gruppesamtaler, individuell kartlegging/rettleiing, fysisk aktivitet i gruppe og læring gjennom samvær med andre i liknande situasjon.

På senteret er det moglegheit  for individuelt tilrettelagt trening i sal, gruppetrening i gymsal, trening i terapi- og symjebasseng,  styrketrening, kondisjonstrening, turar og naturopplevingar. Vi legg stor vekt på å bruke det flotte uteområdet og nyttar blant anna fjorden til båtturar, kajakk eller kanopadling. Det er og moglegheit for  utprøving av aktivitetshjelpemiddel.

Tilbodet er eit gruppetilbod og gjeld for vaksne med MO eller Olliers sykdom over 18 år. Det er plass til opptil 8 deltakare i gruppa. Det vil være mogleg å få praktisk hjelp. Beskriv difor behovet ditt for praktisk hjelp i søknaden. Senteret er godt tilrettelagt også for rullestolbrukarar, og det er asfaltstiar som er farbare for rullestoler (manuell og elektrisk).

Det er ingen eigenandel for dette opphaldet. Ved praktiske spørsmål ta kontakt med Jeanette Løseth tlf. 57 73 71 00.

Søknaden sendast til:

TRS kompetansesenter for sjeldne diagnoser v/ Wenche Wilhelmsen
Sunnaas Sykehus
1450 Nesoddtangen

Søknadsfrist 10.august 2018.

Deltakarar som får tilbod om plass, vil kunne få sjukmelding (gjennom fastlegen) og kan søke om å få dekt reiseutgifter.

Når og hvor

Dato
19.09.2018-10.10.2018 
Klokkeslett
Sted
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter for voksne i Fjaler kommune.
 
Arrangør
TRS kompetansesenter for sjeldne diagnoser
 
Kontakt
Jeanette Løset
57 73 71 00
 
Fant du det du lette etter?
Vi trenger din hjelp for å forbedre sidene våre. Tilbakemeldingen din vil bli lest og håndtert, men vi kan dessverre ikke besvare den. Husk å ikke sende personlig informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.