Måletting med oppholdet
Tilbodet er for deg med Osteogenesis Imperfecta (OI) og som har behov for å oppretthalde eller betre funksjonsnivået ditt. Fokus i rehabiliteringa vil vera å leve med OI og ha eit aktivt liv.
Tiltak og metode
- Gruppetilbod som varer i tre veker
- Oppfølging av tverrfagleg team
- Ein i teamet vert koordinatoren din under opphaldet
- Helsepedagogisk og kognitiv tilnærming i rehabiliteringa
- Hjelp til å nå målsettinga di
- Fokus på ressursane dine
- Individuell tilpassa aktivitet i gruppe.
- Gje den enkelte positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt
- Lære trappetrinnsmodell
- Lære meistringsstrategiar med tanke på dosering av aktivitet og sosial deltaking
- Spennande og allsidige aktivitetar både inne og ute som vert gjennomført som trening i gruppe. Eksempel på aktivitetar er trening i varmt basseng, bevegelsestrening, basal kroppskjennskap, avspenning i basseng, turar og naturopplevingar. Vi har også ei rekke meistringsaktivitetar som klatring, rappellering og kano-/kajakkpadling. Alle desse aktivitetane vert tilrettelagt for deg og din funksjon.
- Du kan delta på handverksaktivitetar, sosiale utflukter og kulturelle aktivitetar
- Du møter andre med same diagnose
- Undervisning i aktuelle tema, der ein kan ta opp ulike relevante spørsmål/problemstillingar
- Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss, skal kunne vidareførast når du kjem heim
Det er ingen eigenandel for dette opphaldet.
Mer informasjon
Les mer om oppholdet, praktisk informasjon, reise mm, på Hauglandsenterets nettsider