HELSENORGE

Rehabiliteringsopphold for voksne med multiple osteokondromer eller Olliers sykdom

Haugland Rehabiliteringssenter arrangerer gruppeopphold for voksne med multiple osteokondromer (MO) eller Olliers sykdom 21.april til 11.mai 2022. Tilbudet har vært utviklet i samarbeid med TRS kompetansesenter for sjeldne diagnoser

Henvisning - du må ha henvisning for å delta

du må ha henvisning for å delta

Søknad/ tilvisning sendes til Hauglandsenteret fra fastlege/ spesialist.

Les mer om søknad på Hauglansenterets nettsider

Søknadsfrist 15.03.2022

Hovudfokuset under opphaldet vil vere å leve med MO eller Olliers sjukdom som vaksen og ha eit aktivt liv.

Målet med kurset er:

  • Å oppretthalde/ betre funksjonsnivå
  • Lære meistrings-strategiar i forhold til dosering av aktivitet og sosial og/eller arbeidsdeltaking
  • Lære trappetrinnsmodell
  • Gje den enkelte positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt

Opplegget vil innebere både undervisning og gruppesamtaler, individuell kartlegging/rettleiing, fysisk aktivitet i gruppe og læring gjennom samvær med andre i liknande situasjon. På senteret er det moglegheit for individuelt tilrettelagt trening i sal, gruppetrening i gymsal, trening i terapi- og symjebasseng, styrketrening, kondisjonstrening, turar og naturopplevingar. Vi legg stor vekt på å bruke det flotte uteområdet og nyttar blant anna fjorden til båtturar, kajakk eller kanopadling. Det er òg moglegheit for utprøving av aktivitetshjelpemiddel.

Tilbodet er eit gruppetilbod og gjeld for vaksne med MO eller Olliers sykdom over 18 år. Det er plass til opptil 8 deltakarar i
gruppa. Det vil være mogleg å få praktisk hjelp, beskriv difor behovet ditt for praktisk hjelp i søknaden.

Senteret er godt tilrettelagt også for rullestolbrukarar, og det er asfaltstiar som er farbare for rullestoler (manuell og elektrisk).

Det er ingen eigenandel for dette opphaldet.


 

Fant du det du lette etter?