Om gruppeoppholdet
Rehabiliteringstilbod for vaksne med diagnosen OI er utarbeida i samarbeid med TRS kompetansesenter for sjeldne diagnoser. Hovudfokuset i rehabiliteringa vil vere å leve med OI som vaksen og ha et aktivt liv.
Mål:
Tilbodet er for deg med Osteogenesis Imperfecta (OI) og som har behov for å oppretthalde eller betre funksjonsnivået ditt. Fokus i rehabiliteringa vil vera å leve med OI og ha eit aktivt liv.
Tiltak og metode:
- Gruppetilbod som varer i tre veker
- Oppfølging av tverrfagleg team
- Ein i teamet vert koordinatoren din under opphaldet
- Helsepedagogisk og kognitiv tilnærming i rehabiliteringa
- Hjelp til å nå målsettinga di
- Fokus på ressursane dine
- Individuell tilpassa aktivitet i gruppe.
- Gje den enkelte positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt
- Lære trappetrinnsmodell
- Lære meistringsstrategiar med tanke på dosering av aktivitet og sosial deltaking
- Spennande og allsidige aktivitetar både inne og ute som vert gjennomført som trening i gruppe. Eksempel på aktivitetar er trening i varmt basseng, bevegelsestrening, basal kroppskjennskap, avspenning i basseng, turar og naturopplevingar. Vi har også ei rekke meistringsaktivitetar som klatring, rappellering og kano-/kajakkpadling. Alle desse aktivitetane vert tilrettelagt for deg og din funksjon.
- Du kan delta på handverksaktivitetar, sosiale utflukter og kulturelle aktivitetar
- Du møter andre med same diagnose
- Undervisning i aktuelle tema, der ein kan ta opp ulike relevante spørsmål/problemstillingar
- Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss, skal kunne vidareførast når du kjem heim
Det er ingen eigenandel for dette opphaldet.
Søknad:
Søknad sendast frå fastlege eller spesialist.
Søknadsfrist: 29. mars 2023. Inntak fortløpande, så ikkje vent med å søke.
Les mer om oppholdet og søknadsrutiner på sidene til Haugland Rehabiliteringssenter