HELSENORGE

Gruppeopphold for voksne med multiple osteokondromer eller Olliers sykdom

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler kommune, arrangerer gruppeopphold for voksne med multiple osteokondromer (MO) eller Olliers sykdom 26.04 - 16.05.2023.

Om gruppeoppholdet

Tilbodet er utvikla i samarbeid med TRS kompetanseteneste, Sunnaas Sjukehus. Hovudfokuset under opphaldet vil vere å leve med MO eller Olliers sjukdom som vaksen og ha eit aktivt liv. Målet med kurset er:

  • Å oppretthalde/ betre funksjonsnivå
  • Lære meistrings-strategiar i forhold til dosering av aktivitet og sosial og/eller arbeidsdeltaking
  • Lære trappetrinnsmodell
  • Gje den enkelte positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt

Opplegget vil innebere både undervisning og gruppesamtaler, individuell kartlegging/rettleiing, fysisk aktivitet i gruppe og læring gjennom samvær med andre i liknande situasjon. På senteret er det moglegheit for individuelt tilrettelagt trening i sal, gruppetrening i gymsal, trening i terapi- og symjebasseng, styrketrening, kondisjonstrening, turar og naturopplevingar. Vi legg stor vekt på å bruke det flotte uteområdet og nyttar blant anna fjorden til båtturar, kajakk eller kanopadling. Det er òg moglegheit for utprøving av aktivitetshjelpemiddel. 

Tilbodet er eit gruppetilbod og gjeld for vaksne med MO eller Olliers sykdom over 18 år. Det er plass til opptil 8 deltakarar i gruppa. Det vil være mogleg å få praktisk hjelp, beskriv difor behovet ditt for praktisk hjelp i søknaden.

Senteret er godt tilrettelagt også for rullestolbrukarar, og det er asfaltstiar som er farbare for rullestoler (manuell og elektrisk). Det er ingen eigenandel for dette opphaldet.

Søknad

Søknad sendes fra fastlege eller spesialist. Søknadsfrist: 15. mars 2023. Inntak fortløpande, så ikkje vent med å søke.

Les mer om oppholdet og søknadsrutiner på sidene til Haugland Rehabiliteringssenter




Fant du det du lette etter?