Gruppeopphold for personer med OI

Gruppeopphold , 22.05.2019-12.06.2019 , TRS kompetansesenter for sjeldne diagnoser

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter arrangerer gruppeopphold for personer med OI. Hovudfokuset i rehabiliteringa vil vere å leve med OI som vaksen og ha et aktivt liv.

Tilbodet er for deg med Osteogenesis Imperfecta (OI) og som har behov for å oppretthalde eller betre funksjonsnivået ditt. Fokus i rehabiliteringa vil vera å leve med OI og ha eit aktivt liv.

Tiltak og metode:

•Gruppetilbod som varer i tre veker
•Oppfølging av tverrfagleg team
•Ein i teamet vert koordinatoren din under opphaldet
•Helsepedagogisk og kognitiv tilnærming i rehabiliteringa
•Hjelp til å nå målsettinga di
•Fokus på ressursane dine
•Individuell tilpassa aktivitet i gruppe.
•Gje den enkelte positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt
•Lære trappetrinnsmodell
•Lære meistringsstrategiar med tanke på dosering av aktivitet og sosial deltaking
•Spennande og allsidige aktivitetar både inne og ute som vert gjennomført som trening i gruppe. Eksempel på aktivitetar er trening i varmt basseng, bevegelsestrening, basal kroppskjennskap, avspenning i basseng, turar og naturopplevingar. Vi har også ei rekke meistringsaktivitetar som klatring, rappellering og kano-/kajakkpadling. Alle desse aktivitetane vert tilrettelagt for deg og din funksjon.
•Du kan delta på handverksaktivitetar, sosiale utflukter og kulturelle aktivitetar
•Du møter andre med same diagnose
•Undervisning i aktuelle tema, der ein kan ta opp ulike relevante spørsmål/problemstillingar
•Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss, skal kunne vidareførast når du kjem heim

Kortid:

Oversikt over planlagt gruppeopphald:

Gruppe 1:       22.05. – 12.06.2019

Det er ingen eigenandel for dette opphaldet.

Søknad:

 Søknad sendast frå fastlege eller spesialist.
 Søknadsfrist: 25.03.2019


Søknad:

Søknad via fastlegen på eige skjema


Deltakarar som får tilbod om plass, vil kunne få sjukmelding (gjennom fastlegen) og kan søke om å få dekt reiseutgifter.

Informasjon om rett til dekking av reiseutgifter finn du her 


Kontakt med eksterne samarbeidsparter:

Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlegen din, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, heimetenesta i kommunen eller andre.

Når og hvor

Dato
22.05.2019-12.06.2019 
Klokkeslett
09:00-15:00
Sted
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
6968 Flekke I Sunnfjord, Sogn Og Fjordane
 
Arrangør
TRS kompetansesenter for sjeldne diagnoser
 
Kontakt
Jeanette Løseth tlf. 57 73 71 00.
 
Mer informasjon
https://www.rkhr.no  
Fant du det du lette etter?
Vi kan dessverre ikke besvare tilbakemeldingen din, men den blir lest og håndtert. Husk å ikke sende personlig informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer. Din tilbakemelding hjelper oss å forbedre sidene våre.