Gruppeopphold for personer med MO og Olliers syndrom

Gruppeopphold , 24.04.2019-15.05.2019 , TRS kompetansesenter for sjeldne diagnoser

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter arrangerer gruppeopphold for personer med MO og Olliers syndrom. Hovudfokuset under opphaldet vil vere å leve med MO eller Olliers sjukdom som vaksen og ha eit aktivt liv.

SØKNADSFRIST: 1. mars, 2019!

Nytt i 2019 er eit gruppetilbod til vaksne personar med MO/Olliers sjukdom. Tilbodet er utvikla i samarbeid med TRS kompetanseteneste, Sunnaas Sjukehus.

Målet med kurset er:

  • Å oppretthalde/ betre funksjonsnivå
  • Lære meistrings-strategiar i forhold til dosering av aktivitet og sosial og/eller arbeidsdeltaking
  • Lære trappetrinnsmodell
  • Gje den enkelte positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt


Opplegget vil innebere både undervisning og gruppesamtaler, individuell kartlegging/rettleiing, fysisk aktivitet i gruppe og læring gjennom samvær med andre i liknande situasjon. På senteret er det moglegheit for individuelt tilrettelagt trening i sal, gruppetrening i gymsal, trening i terapi- og symjebasseng, styrketrening, kondisjonstrening, turar og naturopplevingar. Vi legg stor vekt på å bruke det flotte uteområdet og nyttar blant anna fjorden til båtturar, kajakk eller kanopadling. Det er òg moglegheit for utprøving av aktivitetshjelpemiddel.


Tilbodet er eit gruppetilbod og gjeld for vaksne med MO eller Olliers sykdom over 18 år. Det er plass til opptil 8 deltakarar i gruppa. Det vil være mogleg å få praktisk hjelp, beskriv difor behovet ditt for praktisk hjelp i søknaden.

Senteret er godt tilrettelagt også for rullestolbrukarar, og det er asfaltstiar som er farbare for rullestoler (manuell og elektrisk).

Det er ingen eigenandel for dette opphaldet.

Kontakt med eksterne samarbeidspartar:

Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlegen din, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, heimetenesta i kommunen eller andre.

Søknad:

Søknad via fastlegen på eige skjema:
https://helse-bergen.no/seksjon/regionalt-kompetansesenter-for-habilitering-og-rehabilitering/documents/tilvisingsskjema-nynorsk-april2013.pdf


Deltakarar som får tilbod om plass, vil kunne få sjukmelding (gjennom fastlegen) og kan søke om å få dekt reiseutgifter. Informasjon om rett til dekking av reiseutgifter finn du på: https://helsenorge.no/rettigheter/pasientreiser/sok-om-reisedekning

Når og hvor

Dato
24.04.2019-15.05.2019 
Klokkeslett
09:00-15:00
Sted
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
6968 Flekke I Sunnfjord, Sogn Og Fjordane
 
Arrangør
TRS kompetansesenter for sjeldne diagnoser
 
Kontakt
Ved praktiske spørsmål ta kontakt med Jeanette Løseth tlf. 57 73 71 00.
 
Mer informasjon
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter  
Fant du det du lette etter?
Vi kan dessverre ikke besvare tilbakemeldingen din, men den blir lest og håndtert. Husk å ikke sende personlig informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer. Din tilbakemelding hjelper oss å forbedre sidene våre.